Sand 15. Juni  2009

Dagens tur gjekk til Søthei og varden på 860 moh. Dette er ein topp eg ser heimante (Jonsokberget)
derfor måtte eg berre opp ein gong. På bilde ser ein deler av Sand/Prestaåsen, Sandsfjorden og
Vindafjorden. Turen starta frå parkeringsplassen ved søre enden av Markhusvatnet på vegen mellom
Suldal og Hylsfjorden. Gjekk opp til tømmervelta på venstre sida av vegen og følgde traktorvegen
til endes (ca 400 meter). Gjekk vidare vestover Langhillerheia ca 500 meter før eg tok av mot sørvest.
Vart ein del opp og ned pga ”småkupert” terreng før den verkelege stigninga mot toppen starta.
Lite snaufjell å gå på, mest myrar og torv. Turen opp tok 1 time og 50 minutt med mange pausar under vegs.
Når eg kom opp vært eg litt skuffa, trudde det hadde vært meir utsyn over dalføret men eg fekk
nå ein trim og så har eg vært på denne toppen og. Gjekk vidare bortover platået til høgaste punktet
på 863 moh men såg ikkje så mykje meir der heller.

© 2009  Tor Jørgen Jørgensen