Sand 12. November  2007

Arbeidet i tomta til sentrumsbygget er i full gong. Pelane som er slått ned i grunnen er kutta og ein er i full gong med å støypa rundt toppen av pelane. Det er og lagt ut eit pukklag mellom dei støypte kolosane (pelane) muligens at dei skal støypa og forbinda dei innbyrdes.  Det er stor aktivitet på Sand nå. Det pågår tre store byggeprosjekt samtidig. Sentrumsbygget, Ryfylkemuseet sitt nybygg og renovering av Sand skule. Totalt investerer ein ca 120 millionar på desse tre prosjekta.  
 

© 2007  Tor Jørgen Jørgensen