Sand  02. desember   2006


 

I år vart det ein ny vri på julegateopninga på Sand. Opninga vært lagt til laurdagen og det såg ut for å slå ann. På Torjå hadde ein salgsboder i eit stort telt og der kunne ein få kjøpt forskjellige gåveartiklar frå forretningane, kristtorn og pyntegrønt, honning, egg, og  div andre ting. Vart ein svolten kunne ein og få kjøpt seg graut. I forretningane var det og pynta og klar for julehandelen. Nissen var og å treffa på Torjå. Han snakka med ungane og han tok og imot julegåveønska frå dei. I sekken hadde julenissen klementinar som han delte ut.

Kl 14:00 var det opning av pepperkakelandsbyen på kulturhuset. Oppe i kulturhuset var det og salgboder både ute og inne.

Kl 16:00 var det for fakkeltog frå Rimi og ned til Torjå. Nissen var og med i fakkeltoget. Nå var det tid for tenning av julegrana og etterpå var det gang rundt juletre og musikkorpset spela julesongar. Etter på kunne ein gå opp på kulturhuset og få med seg ei musikalsk familieframsyning.

© 2006  Tor Jørgen Jørgensen