Sand  21. september  2005

Legg ut eit bilde som er tatt for ca 65 år sidan.
Bilde av Sand sentrum er fra rundt 1940. I venstre bildekant ser ein meieriet (sjøhus) og vidare "Torjå" og Handelslaget med sjøhuset. Den første "Ropeidferjen" Klara ved kai på "Torjå". Den gjekk i sambandet fram til 1945/1946 då den "gamle" Ropeidferjen (Inger) vart satt inn i ruta, den tok 6-8 bilar alt etter størrelsen på bilane. Ferjesambandet Sand - Ropeid var det fjerde ferjesambandet som kom idrift i landet. Neste sjøhus er Hiim familien sitt. Neste er pakkhuset til Underbakke med DSD`s Fjordrott ved kai. Båten var ny i sommaren 1939 og satt inn i Sand-Sauda ruta.   

© 2005  Tor Jørgen Jørgensen