Nordfjord 2012

Nokre av feriedagane gjekk i år til Nordfjord. Utruleg mykje å sjå og oppleva der oppe. Måløy var base på turen.
Me var bla. innom Kannesteinen, Kråkenes fyr som ein ser på bilde elles var me innom bla. Mehuken vindpark, Vågsberget,
Selje kloster, Ervik, Refvik, Indre Fure, Honningsvågen, Vestkapp og fleire andre stadar.
 

Måløy sett frå Måløybrua. I sjølve Måløy by bur det ca 3000 personar. Det som er spesielt med Måløy er gatene ikkje
har vanlege namn men blir kalla Gate 1, 2 osv. oppover fjellsida. Det er nokre få unntak som Skolevegen og Norevegen.

Kannesteinen ved Oppedal.

Ein må køyra gjennom Seljeneset når ein skal inn og sjå Kannesteinen i Oppedal. Oppedal-bygda er den grøne flekken
ein ser under fjellet til venstre i bilde. 

Vågsberget var eit av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten. Vågsberget er kjent frå slutten av 1600 tallet
og er i dag eit av dei mest komplette i ivaretekne handels- og gjestgjevarstadane i Norge. Det er sikra for ettertida
og er i dag under restaurering og rehabilitering.

Selje båthamn. Klosterbåten gjekk frå denne kaia ved turistinformasjonen kl 10:00, og turen ut til Selje kloster tok ikkje
meir enn ca 15 minutt. Klosterbåten kan ein skimta i bakgrunnen.

Selje kloster er ruinane av eit benediktinerkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane fylke. Klosteret ligg
rett sør for Stadlandet, på vestsida av øya, rett ut mot Sildagapet og Stadhavet. Det tar ca 15 minuttar med båt frå
fastlands-Selje. Øya er lita og består av lyng, myr og noko skog. Høgste punktet er Varden, 201 moh.
Etableringa av bispesete på Selja i 1068 og seinare bygginga av et benediktinerkloster blir sett i samanheng med
Sunniva-legenden. Selja var allereie frå Olav Tryggvassons dagar etablert som ein heilag stad med funnet av Sunnivas
uskadde legeme og hennes og Seljemennenes skrinlegging.
I bakgrunnen ser ein Stadlandet med bygda Drage heilt til høgre. Heilt ytst ser ein Ytre Fyre og litt til venstre for midten
skimtar ein husa på Indre Fure.

Nede på sletta ble bispekyrkja bygd. Bygginga av den første kyrkja antes er påbegynt i forbindelse med opprettinga av
bispesetet i 1068. Denne kyrkja ble utvida på slutten av 1200-tallet. Ved den siste utvidinga fikk kyrkja tårnet som
står der i dag. Det er gjort funn som viser at både kyrkja og tårnet i sin tid var kvitkalka. Tårnet er 14 m høgt.
Eg var oppe i toppen av tårnet og så på kyrkjeklokka. Tårntrappa er bratt, svært trong og mørkt så den som har
klaustrofobi bør ikkje prøva seg på den. Når eg skulle ned att måtte eg gå baklengs for å komma trygt ned.

På klostermurane vaks det ville blomster. 

Hoddevik har ei kilometer lange sandstrand som er ei av Noregs beste og finaste surfeplasser. I Hoddevik kan surfere,
både nybegynnarar og vidarekommene kasta seg ut i bølgjene frå Stadhavet.

Det var små bølgjer i Hoddevik denne dagen men det var ca 50 personar som held på i sjøen. I denne gruppa er det
35 personar som boltrar seg i bølgjene frå Stadhavet. Hoddevik har ei kilometer lange sandstrand som er ei av Noregs
beste og finaste surfeplasser.

Indre Fure er ein stad der ingen kunne tru at nokon kunne bu men faktisk er det ein person som har budd på Sand som
er frå denne staden. Etter det han fortalte meg om heimplassen sin hadde eg eit ønskje om ein gong å få komma til denne
staden og sjå korleis det såg ut med Stadhavet rett utanfor strandlinja. Kun ein liten pir der ein kunne "verna" båtane
bak når stormen herja som verst og bølgjene rulla inn frå Stadhavet.

Staden er så spesiell at Oddgeir Bruaset laga eit program i serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu." herfra.
Frå omtalen i NRK i forbindelse med programmet kan ein lesa:

"Det vesle klyngjetunet på Indre Fure ligg vendt ut mot opne Stadhavet. Her har sju menneske klora seg fast, og dei er
blitt verande, trass storstorm og storbåre, trass bratte bakkar og vanskelege vegar. Dei fortel om eit liv i slit, om kampen
for føda og kampen mot naturkreftene og samfunnsutviklinga. Men dei vil ingen annan stad vere".

Bygda Indre Fure består kun av desse få husa pluss ei løa og eit uthus som ligg utanfor venstre bildekant. Kun denne piren
som stikk beint ut frå land "verna" båtane bølgjene rulla inn frå Stadhavet. Innanfor piren ligg det og ei fin sandstrand.

Vegen langs havet frå Drage og ut til Indre Fure ca 3 km lang men smal og ikkje av beste standar. Når ein skal passera
andre bilar må ein nytta møteplassane, men det var ikkje noko problem for det er liten trafikk og kun 3-4 svingar ein ikkje
ser rund.

Ervik kyrkje, tidlegare Ervik kapell, òg kalla St. Svithuns minnekapell, står i Ervika og er reist til minne om forliset til
hurtigruteskipet DS «Sanct Svithun» under andre verdskrigen. Skipet vart bomba av allierte fly 30. september 1943,
og gjekk ned. Bygdefolket medverka sterkt til berging av folk frå skipet. 78 vart berga medan 50 miste livet.
Kyrkja vart sett opp til minne om både bergingsinnsatsen og dei som omkom. Skipsklokka frå «Sanct Svithun» heng i
kyrkjetårnet saman med ei klokke frå 1844. Inni kyrka er det fleire minne frå skipet, mellom anna ein skipsmodell og
fløyta frå skipet. Det heng òg ei minneplate der med namna på dei 50 som omkom. Ankeret til hurtigruteskipet
DS «Sanct Svithun» ligg utanfor kyrkja og blei tatt opp frå havet i slutten av 1990 talet.

Eg trur ikkje ein finn ein kyrkjegard og kyrkje som ligg finare plassert i Noreg enn den i Ervika på Stadlandet.
(Det er ein kyrkjegard og kapell/bårehus ved Kråkenes og som ligg fint til som vi var innom på turen).
Det har vore gravstad i Ervika sidan før 1550. Truleg var det sjøfararane som hadde drukna på Stadhavet dei fyrst byrja
å gravleggje der. Ei segn fortel at nokre portugisiske sjømenn var dei fyrste som vart gravlagde i Ervika.
Selje-presten kom i eldre tid til Ervika ei gong om året for å jordfeste dei som var vorte gravlagde der gjennom året.

I Ervik var bølgjene litt større men det var berre 4-5 personar som held på å "surfa".
Dei vassa utover eller padla på bretta sine langt ut på stranda og så "rei" dei på bølgjene inn att.

Vestkapp platået Stad. Her oppe skiftar vèret fort. Når me kjørte opp mot toppen var det klart og når me kom opp
2-3 minutt etterpå var det tett skodde. Så letta skodda att. Vika som skjer seg inn  i framgrunnen er inn til Ervik og den
grøne flekken ein ser er i ytre del av Ervik. Fjellet ein ser bak er Mehuken der vindmøllene står og Kråkenes nede på
tunga som stikk ut i havet. Enda lengre bak ser ein ned til Bremangerlandet. I dag var det stille hav og ein kan skimta ein
motorbåt som kryssa Stadhavet i høgre bildekant.

Når ein kjører opp til Vestkapp får utsikt nordover. Ytre og Indre Honningsvåg ser ein "litt" skjerma for Stadhavet og
ein kan sjå at det er bygd molo frå begge sider av fjorden i Indre Honningsvåg for å skjerma for storhavet. Rett bak og
under steinfestningane som vært bygd i krigen ligg bygda Årvika. Heilt i bakgrunnen ser ein mot Runde og Fosnavåg.

Årvika ligg rett under Vestkapplatået og Stad. Som ein ser skiftar været fort ved Stad.

Kråkenes fyr er ein av dei mest forblåste plassane i Noreg. Det ligg ytst mot Stadhavet. Vestkapp er fjellplatået ein ser
i bakgrunnen. Vestkapp platået ligg ytst på Stadlandet og det er Stadhavet ein ser i bakgrunnen.
I dag er det stille men dette er eit frykta havstykke for mange sjøfarande om båten er aldri så stor. 
På høgre side heilt i horisonten kan ein skimta ein ein seglbåt som ein liten kvit prikk.
I løpet av hausten er planen å få til ei side med bilde frå plassane me besøkte på turen.



Kråkenes kyrkjegard ligg tilbaketrekt ca 1 km nordaust for Kråkenes fyr. Nedanfor kapellet ligg det nokre naust som
høyrer til folket på Kråkenes. Kråkenes har ikkje hamner rundt odden derfor må ein trekka litt inn frå Kråkeneset.
Fjellplatået ein ser i bakgrunnen er Stadlandet. Vestkapp platået ligg heilt til venstre på fjellplatået. I venstre del av
kapellet ser ein litt av ein holme og over og bak den kan ein skimta Ytre og Indre Fure. Stadhavet og havet mellom
Kråkenes og Stadlandet vert og kalla Sildegapet.

Kråkeneset sett frå toppen av Kråkeneshornet. Kråkenes fyr ser ein ikkje herifrå men det ligg ytst på neset.
Kråkenes kapell/kyrkjegard og naust kan ein skimta som små kvite prikkar der vegen forsette frå dei siste gardane og
ut mot havgapet. Kråkeneshornet ligg på 434 moh og gardane nede på sletta ligg rund 50 moh. Fjellsida er nesten loddrett ned. 
Her er det vidt syn over Stadhavet og Sildegapet. Stadlandet ligg bak i høgrer bildekant.
100 meter bak der dette bilde er tatt ligg Mehuken vindpark.

Mehuken vindpark er bygget ut med totalt 13 vindmøller. Vindparken kan forsyna 3000 husstandar me elektrisk kraft.
Første byggetrinn kom i 2001 med 5 vindmøller à på 850 kW og ein årsproduksjon på 12 GWh.
I 2010 vært vindparken utvida med 8 nye vindmøller à på 2300 kW og ein årsproduksjon på 53 GWh.
Dei første 5 vindmøllene frå høgre kant er dei eldste. Dei har ein navhøgde på 49 meter og rotordiameter på 52 meter.
Dei nyaste 8 vindmøllene har ein navhøgde på 64 meter og rotordiameter på 71 meter. 

Refvik ligg på Nord Vågsøy ca. 10 km ifrå Måløy. Bygda Refvik er omtrent heilt flat og ligg på ei sanddyne, med den flotte
Refviksanden i enden av bygda ut mot havet. Denne sandstranda er ei av dei flottaste i landet og på finværsdagar om
sommaren er det eit yrande liv her. I dag er det vel att bare 2-3 aktive bruk med sau og storfe. 
Det ei legg merke til når ein kjører igjennom Refvik er at nesten alle husa har ein tjukk tett murvegg på sida vendt innover
dalen. Forklaringa eg har sett er for å værna mot vinden frå fjellet men ein skulle heller tru at det var støtte for vinden
frå Stadhavet som ligg rett utanfor som ein ser.

På 1800 tallet låg alle husa samla i eit tun for å værna seg mot vindane frå havet og fjella rundt men i
1872 vart alle husa 
øydelagde i ein storbrann. 86 hus tok elden og 14 gardbrukarar og 4 plassmenn med familiar, ialt over 100 mennesker mista
det dei eigde. To små gutars leik med fyrstikker  var årsaka til storbrannen. Når ein bygde oppatt Refvik vært husa spreide
utover bygda.

Det Refvik er mest kjent for er si 1,5 km lange sand strand. Refviksanden er kåra til ei av dei finaste sandstrender i landet.
Med sin kritkvite finkorna skjelsand er det ikkje så mange andre strender som kan måla  seg med denne.
Refviksanden ligg kun 10 km ifrå Måløy så på fine sommardagar kryr det av store og små som badar, leiker og soler seg her.
Det er laga ein liten campingplass for bobiler, telt eller campingvogner. Parkering ved sanden er avgiftsbelagt og drifta av
parkeringa og campingplassen er det grunneigarane i Refvik som tar seg av.  

Når me reiste heimatt att tok me ein anna veg. Tok ferja frå Måløy kl 08:40 til Oldeide og kjørte så ned til Smørhamn og
ferja over til Kjelkenes og så via Naustdal og Førde til Osterøy.

Kjøretid ein har mellom ferjeleiene Oldeide og Smørhamn er så kort at me la heller inn ein rast i Kalvåg som ligg ca 4 km
lengre vest for Smørhamn men det var verd turen. Før ein kjem til Kalvåg må ein over mange små bruer og her er me
ca 2 km aust for Kalvåg. Frøysjøen og storhavet er rett utanfor til høgre i bilde.



Kalvåg som ligg ca 5 km vest for Smørhamn men det var verd turen. Kalvåg er ei lun og god hamn for fiskebåtane for rett
utanfor den stor kvite bygningen ein ser i bak høgre bildekant ligg Frøysjøen og storhavet.