Andre Ferieturen 2014          46 bilde frå ferieturen på Nord-Vestlandet.

6 dagars ferieturen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Turen gjekk frå Osterøy via Måløy, Ålesund, Molde, Kristiansund, Geiranger og tilbake til Osterøy.

Ta deg tid å sjå på bildene og til deg som ikkje har vært her vil oppdaga at du har gått glipp av noko!

Måndag starta turen frå Osterøy til Måløy.



 

Kannesteinen er ein spesiell stettforma stein som ligg i fjæra i bygda Oppedal på vestsiden av Vågsøy i Sogn og Fjordane.
Kannesteinen har blitt forma av havet og bølgene gjennom tusener av år. Steinen er om lag 3 meter høg.
Kannesteinen finn ein ca 10
km vest for Måløy.
 


Vågsberget var eit av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten. Vågsberget er kjent frå midten av 1600 tallet
og er i dag eit av dei mest komplette i ivaretekne handels- og gjestgjevarstadane i Norge. Det er sikra for ettertida
og er i dag under restaurering og rehabilitering. Vågsberget ligg nokre få km vest for Måløy.



Vågsberget har og ein stor hage. På 1980-talet vært Vågsberget Kystmuséet for Sogn og Fjordane. I 2006 vart handelsstaden
på Vågsberget freda av Riksantikvaren. Vågsberget vart på 1980-talet nytta i innspelinga av filmen Landstrykere.
Rett over fjorden (midt i bilde) ser ein husa i Husevåg (Husevågøy).

Tysdag biltur rundt på Stadlandet.

Indre Fure er ein idyllisk stad under Furehornet i Selje kommune. På vintertid slår bøljene frå Stadhavet tett opp mot husa.
Plassen trekkjer og turistar og me er her for andre gong. Ein mann som har budd på Sand er frå denne plassen og han fortalte
om staden og me måtte berre sjå Indre Fure sjølv. Indre Fure er det lengste du kjem med bil på søsida av Stad. Vegen har fått
nytt asfaltdekke sidan me var her sommaren 2012. Tunet har ei historie tilbake til 1300- talet.

 

Hoddevik ligg ute på Stad med den kilometer lange kvite kjente sandstranda som er omkransa av høge fjellsider. Når du køyrer
ned  "hårnålsvingane" har du ei fantastisk utsikt. Hoddevik er ein ynda stad for surfarar frå heile verda. Staden er svært godt
eigna for surfing under ekstreme vindforhold på grunn av dei høge fjella som skjermar stranda frå den verste vinden.

Ervik, eller Ervikbygda, er ei bygd på ytre Stadlandet i Selje kommune. Ervik har daglegvarebutikk med bensinstasjon, skule
og barnehage. Jordbruk er hovednæringa. Ervik og Ytre Stadlandet er populære reisemål. Kyrkjegarden i Ervik har vore gravstad
sidan før 1550. Truleg var det sjøfararane som hadde drukna på Stadhavet dei fyrst byrja å gravleggje der. Ei segn fortel at
nokre portugisiske sjømenn var dei fyrste som vart gravlagde i Ervika. Selje-presten kom i eldre tid til Ervika ein gong i året
for å jordfeste dei som var vorte gravlagde der gjennom året. Ervik kyrkje, tidlegare Ervik kapell, òg kalla St. Svithuns minnekapell,
står like ved kyrkjegarden i Ervik og er reist til minne om forliset til hurtigruteskipet DS «Sanct Svithun» under andre verdskrigen.
Skipet vart bomba av allierte fly 30. september 1943,og gjekk ned. Bygdefolket medverka sterkt til berging av folk frå skipet.
78 vart berga medan 50 miste livet.

Vestkapp er namnet på den vestligaste del av halvøya Stad på fjellplatået Kjerringa. Kjerringa ruver 497 meter over Stadhavet
i vest. Platået som også kalles Vestkapp-platået er det vestlegaste fjellplatået i Norge. Området er kjent for skiftande raskt
værskifte frå speilblankt hav til storm og orkan.  I løpet av kort tid kan tåka legge seg over Kjer
ringa og Vestkapp. Sjøveien
rundt Stad og Vestkapp er beryktet for sine straumar og raskt skiftende vær. Mange båtar har endt sin seilas i disse farvantna, som omtalast som et av de mest værharde områdene i Norge. Vestkapp er eit mykje besøkt reisemål av turistar og reklamerar med
Vestkapphuset med eigen kafe og suvenirbutikk og flott utsikt over Stadhavet. Me såg berre "ruiner" av bygningar når me var
her i 2012 og i år
er de heller ingen aktivitet med f.eks kafè.


Ytre Honningsvåg ligg rett nord for Stad heilt ute mot Stadhavet og vernar bygda Indre Honningsvåg rett innanfor mot nordvesten.
 

Indre Honningsvåg ligg rett nord for Stad nokre få titalls meter innanfor Ytre Honningsvåg. Moloane inne i vågen vernar mot
bøgjene frå Stadhavet og gir vern for fiskebåtane her. Som ein ser er det eit grunt farvatn og ferdas i og inst i fjorden er det
eit merke/lys som ein kan navigera etter når ein skal inn fjorden og moloane. Vegen frå Årvika mot Indre/Yre Honningsvåg er
og spesielle. Den er smal og svingete der den ligg oppe i fjellhylla og har nokre rasoverbygg. Det er flott utsikt frå vegen.




Kråkenes fyr blei opprettet i 1906 og ligg heilt ute mot det opne Stadthavet lengst nordvest på øya Vågsøy i Vågsøy kommune.
Kråkenes fyr er et lede- og innseilingsfyr. Fyret ble automatisert i 1986. Kråkenes fyr er omkranset av det opne havet og har
fleire vindrekorder og ligger på eit av det mest værutsatte plassene på vestkysten av Norge mellom Ålesund i nord og Bergen i sør.



Det er ikkje lett å ta båtar (maks størrelse robåtar) i land på Kråkeneset pga vær og vind. På nordsida av Kråkeneset ligg det ei
lita
vik rett nedafor Kråkenes kapell der er det ein kran som ein brukar å heisa opp/ned på sjøen. I venstre del av bilde kan ein
skimta Kråkenes fyr i bakgrunnen.
 


Onsdag Måløy - Ålesund - Molde.


Atlanterhavsparken. Det er eit av Nord-Europas største saltvannsakvarier. I det største akvariet kjem det ned ein froskemann
som matar fiskane eit par gonger kvar dag i sommarsesongen. Dette er ei stor oppleving for små og store.   





Arkitekturen i Ålesund er spesiell. Byen vært råka av brann i januar 1904 og ca 850 hus vært ødelagt. Når byen skulle gjenreisast
vært det  lyst ut arkitekt konkurranse og derfor er mange hus i jugendstil i sentrum i dag.




Fjellet Aksla med utsiktsplass og resturant ser ein oppe i horisonten til ventre for byggkrana.



På fjellet Aksla kan ein få eit flott utsyn over Ålesund og øyane som ligg rundt byen.



Rett aust for Aker stadion i Molde ligg Reknesmoloen. Den lagar ei lun hamn for små fiskebåtar og andre båtar som gjestar byen.
I bakgrunnen heilt til venstre i bilde ser ein hurtigrutekaien men MS NORDNORGE ved kai.




Molde har anløp av Hurtigruta om kvelden. Sørgåande hurtigrute kjem kl 21:00 og går kl 21:30.  Her er sørgåande hurtigruteskip
MS NORDNORGE på veg ut frå kai og neste hamn den skal til er Ålesund. MS NORDNORGE er ein av dei nye båtane. Den er
bygd av Kleven verft i Ulstein i 1997.




Nordgåande hurtigrute kjem kl 21:45 og går kl 22:15.  Her er nordgåande hurtigruteskip MS VESTERÅLEN på veg til kai.
Dette er den eldste av hurtigrutebåtane i trafikk nå. Den er bygd i Harstad i 1983. Neste hamn på nordgåande tur er Kristiansund.

Torsdag tur til Bud og start på Atlanterhavsvegen til Kristiansund og retur til Molde.



Bud er ei bygd ytst mot Hustavika. Her er storhavet rett inn. Det bur ca 750 personar her ute.



Utanfor Bud er havstrekkje Hustavika og det er eit av dei tøffaste strekkjene på norskekysten. Kombinert med mange skjær
og tøft vær gjer at mange har respekt for dette havstykkje.




Innste vågen i Bud hamn. Moloar værnar hamna mot storhavet. Me kjørte Atlanterhavsveien frå Bud og ytst langs kysten oppover.



Ca  2 km nord for Bud ligg Hundsholet. Her er det berre småholmar og skjær utanfor hamna som "værnar" mot Hustavika.
Det er mange flotte plasser på vegen vidare oppover langs kysten så me anbefalar alle å ta denne turen og.



Teistklubben ligg ca 23 km nord for Bud og ca 5 km sør for bruene på Atlanterhavsveien. Det var liten trafikk langs vegen her.
Dei fleste turistane som kjøre Atlantarhavsveien tar beine vegen frå/til Molde via rikveg 64 og går glipp av vegen som går
ytst mot havet. Naturen frå Bud til bruene på Atlanterhavsveien imponerte mykje meir en bruen.



Atlanterhavsveien svinger seg over bruer og fyllinger fra holme til holme ytterst i havgapet. Det er mange rasteplasser langs
vegen og det er lett å parkere bilen og vandre nokre få meter til de fineste svaberg og fiskeplasser.  Rett utanfor på
vestsida går skipsleia over den fryktede Hustadvika. Mange tar turen hit når høststormane setter inn og store bølgjer slår inn
mot land og av og til over veien. Vegarbeiderane opplevde 12 orkaner under bygging av Atlanterhavsveien før den ble åpnet i 1989.




Atlanterhavsveien er ein av dei nasjonale turistvegane i Norge. På Eldhusøya er det ein flott rasteplass med servicebygg som
blei opna i juni 2014. Det ligg flott til rett ved storhavet. Servicebygget har en spennende arkitektur og rommer kafe, informasjon
og toaletter. På bilde ser ein "svevestien" som går rundt holmen. Den er utruleg lett og mjuk og fin å gå på og, dei som brukar
rullestol kjem lett fram her. Kanskje dette var noko ein kunne laga i området rundt Høsebrua og Sandsfossen (Suldal kommune).   




Kristiansund er
ligg på tre øyar, heilt ut mot havet og har ca 18 000 innbyggjerar. Den gode naturlige hamna og plasseringen
ved
skipsleia er sammen med fjordane mot bygdene på Nordmøre bakgrunnen for at en by ble etablert nettopp her.
Fred Olsen crusebåt BALMORAL ser ein i bakgrunnen.




Kristiansund har vokst fram basert på fiskeri og klippfiskproduksjon mens næringslivet i dag er sentrert rundt olje- og
gassvirksomheten ute i havet rett utanfor.
 



Når me satt på benkene i hamna og åt kom det mange småfuglar og nokre få duer rundt beina våre. Dei var nærgåande og åt
maten me ga dei rett frå hendene våre. Etterpå sette dei seg bak i buskane mindre en ein meter frå oss slik at me kunne ta bilde.



Når me kom tilbake til Molde att om kvelden var det ein ny tur ned på hurtigrutekaia. Nå var det MS TROLLFJORD som var
sørgåande hurtigrute. Neste stopp for den er Ålesund. MS TROLLFJORD er eit av dei nyaste båtane bygd på Rissa i Fosen i 2002.




Nordgåande hurtigrute denne kvelden var MS RICHARD WITH. Dette er ein av dei eldste hurtigrutebåtane i trafikk nå.
Den er bygd i Tyskland i 1993. Neste hamn på nordgåande tur er Kristiansund.



Siste kveld i Molde. Me budde på Rica Seilet Hotel (Akterseilet). Ute i Moldefjorden / Midfjorden kan ein skimta sørgåande
hurtigrute MS Trollfjors på veg til Ålesund.

Fredag Molde - Trollstigen - Geiranger.



Etter ein stopp i Åndalsnes kjørte me til Trollveggen. Snakka med ein der som bur i feltet vårt på Sand (han er frå Åndalsnes)
og han sa at erfarineg tilsa at skodda ikkje ville lette før kl 15:00. Det stemte for Trollveggen for me var der kl 13:00 og skodda
gjekk i dottar heile tida men me kunne av og til skimta toppen der.



Turen gjekk vidare til Trollstigen. Her var det og fotografering og eg fekk med ei linselus og.



Det er mange svingar oppover fjellsida. I himmelsyn ser ein utsiktsplattforma i fjellveggen.



Frå Trollstigplatået, ligg inne i skardet i himmelsyn på høgre sida, går det ein sti ut til utsiktsplattforma i fjellsida.
Stien og folka som er på veg ut til plattforma kan ein skimta i fjellsida. 



Her på Trollstigp
latået fin ein kafè bygg og suvenirbutikkar ol. Når me kom opp var det skodde på Trollstigplatået så me tok oss
ei matbit her på kafèn. Klokka nærmar seg 15:00 og me tar turen ut mot plattforma.
Trollstigplatået har også blitt kåret til verdas flottaste byggning i klassen for offentlige servicebygg av amerikanske ArchDaily,
verdans største nettsted for arkitektur.




Når me kom ut på plattforma var det skodde så me såg ikkje mykje men kl 14:58 byrja skodda å forsvinna og me såg dalbunnen.



Etter Trollstigen bar det ned til Gudbrandsjuvet og ein ny stopp.



Elva Valldøla går gjennom Gudbrandsjuvet som består av jettegryter.



Obligatorisk stopp i Ørnesvingen på veg ned til Geiranger. Mektig skue. Eit av fjella i bakgrunnen er Dalsnibba som me skal
besøkja neste dagen. Dalsnibba er 1476 meter høg og er den litt spisse toppen som ligg litt ut til høgre for midten i bilde. 



Frå balkongen vår på Grand Fjord Hotel hadde me fin utsikt mot Geirangerfjorden. Her er cruise båten Celebrite INFINITY
på veg ut frå Geiranger. Båten er 294 meter lang og 32,2 meter brei og har 12 dekk. 



I kveld tok me ein tur inn til sentrum for litt handel og så mat på Naustkro Bistro. 



Kveldsro frå balkongen vår på Grande Ford Hotel.

Laurdag Geiranger - Osterøy.



100 meter ovanom Utsikten hotel er det og ein fin rasteplass der ein ser Geiranger frå ein anna vinkel.



Utsikt ned til Geiranger og Geirangerfjorden frå Dalsnibba.

Siste bilde på turen vår er av huset på toppen av Dalsnibba. Der er det souvenirkiosk og toalettanlegg. Det bles ein del når me
var her oppe. Nå var det berre å setja seg i bilen og ta beine vegen til Osterøy.

Takk for turen.

 

 2014  Tor Jørgen Jørgensen